Tidlegare i år vekte det oppsikt då det synte seg at vidaregåande skular og mange andre hadde fått tilsendt det store heftet «Naturen – ikke menneskene – styrer jordens klima», frå foreininga Klimarealistene. No har forskarar ved CICERO Senter for klimaforskning (UiO) og Bjerknessenteret for klimaforskning (UiB) reagert og svart klimaskeptikarane i eit omfattande brev til politikarar, skular og bibliotek. Klimaforskarane er urolege for utviklinga i opinionen, seier dei. Knapt 50 prosent av oss er i dag overtydde om at menneska er med på å påvirke klimaet, og mykje tyder på at kunnskapsfornektarane har større appell enn ein skulle tru.
Brukar kjende metodar
– Ettersom innhaldet i heftet er såpass graverande, har vi sett seg nødt til tå lage eit grundig tilsvar med eit håp om å rette eventuelle misoppfattingar, seier Pål Prestrud, tidlegare direktør ved CICERO Senter for klimaforskning. Kvart einaste kapittel inneheld omfattande faglege feil, utelatingar, misforståingar og forvrengingar.
– Vi merkar oss at Klimarealistene nyttar seg av metodar som tidlegare har vore nytta av forkjemparar for tobakks- og sukkerindustrien, seier Eystein Jansen, som er direktør for Bjerknessenteret for klimaforskning i Bergen. Dette er metodar som å handplukke data som stadfester deira påstandar, å bygge argument på påstandar som for lengst er tilbakeviste, og ignorere store mengder solide vitskaplege resultat,