Møte med Svein Tveitdal, tidlegare leiar for sekretariatet i FNs klimapanel.
Årets klimatoppmøte COP28 foregår i De forente arabiske emirater (UEA). Oljesjefen i landet skal vere president for møtet, og den internasjonale oljelobbyen vil truleg ha den største delegasjonen til møtet.
Dette lovar ikkje godt for global oppvarming. Vi slepp reven inn i hønsegården, seier Svein Tveitdal: https://test.besteforeldreaksjonen.no/2023/01/reven-i-honsegarden/
Tveitdal har delteke på FNs klimatoppmøter sidan starten på 1990 talet. Han har skrive mange artiklar og analyser om klimapolitikk, korleis toppmøta fungerar og kva dei betyr for globalt klima. Han er grunnleggar av GRID Arendal som er eit internasjonalt senter for informasjon om miljøspørsmål. På møtet vil han innleie om korleis klimatoppmøta fungerer og vil også svare på spørsmål om dagens klimasituasjon både nasjonalt og globalt.
Mer informasjon finner du på nettsida til Litteraturhuset
Arrangør:
Besteforeldrenes klimaaksjon
Trøndersk Natur- og klimaallianse