Venstre foreslår å opprette eit nytt halvstatleg selskap som skal investere i klimateknologi, klimagründere og miljøriktig omstilling av eksisterande næringsliv. I tillegg vil dei opprette eit nasjonalt verdiskapingsprogram, i samarbeid med næringslivet, for utvikling av marine fornybare energikjelder. I programutkastet vert det og lova at Statoils involvering i oljesand skal avviklast.
Redaksjonen i Energi og Klima går gjennom programutkasta til partia på Stortinget og vurderer om innhaldet har nok kraft og vilje til å omstille Noreg til eit lågutsleppsamfunn.
Hovudinntrykk
Venstre viser i utkastet til nytt stortingsvalprogram at partiet er på leit etter kreative løysingar og kjem med fleire framlegg som peikar i riktig retning, skriv Energi og Miljø.
– Om ein tel talet på kulepunkt, er det liten tvil om at Venstre har store ambisjonar på klima- og energifeltet for neste stortingsperiode. Men faren med å fylle eit stortingsvalprogram med for mange tiltak, i stort og smått, er at prioriteringane lett kan forsvinne. Om eit år kan Venstre sitte i regjeringsforhandlingar, og då er det viktig at partiet veit å prioritere dei store strukturelle tiltaka, ikkje dei små symbolsakene.
Høgre ambisjonsnivå
– Venstre vil heve ambisjonsnivået i klimaforliket og foreslår CO2-kutt på 40 prosent innan 2020. Partiet understreker at den norske regnskogsatsinga må kome i tillegg til, ikkje i staden for, eigne utsleppskutt. Venstres programkomite foreslår vidare at Klima- og forureiningsdirektoratet, til dømes gjennom ein klimalov, må få i oppdrag å gjennomføre årlege evalueringar av klimapolitikken og vurdere om det trengs nye tiltak for å nå vedtekne utsleppsmål.
Olje og gass
– Venstre vil redusere statlege investeringar og subsidiar til petroleumsindustrien, og i staden vri pengestraumen mot meir «fremtidsrettede næringer», gjere oljeskatteregimet meir «miljøriktig» og sikre varig vern av t.d. Svalbard, Jan Mayen, Lofoten og Vesterålen. Partiet meiner togradarsmålet talar for at store deler av petroleumsressursane må bli liggande urørt. I staden må ein utnytte eksisterande felt betre, og ein foreslår mellom anna auka forsking og støtte til bruk av CO2 som trykkstøtte i oljeutvinning.
Utfordringar
Redaksjonen i Energi og Klima utfordrar Venstre til m.a. å sjå på korleis Oljefondet kan brukast til å fremje utsleppsreduserande tiltak og fornybarprosjekt i utlandet. – Oljefondet kan i dag ikkje investere i grøn infrastruktur som fornybar energi. Norges Bank har tidlegare bedt om at Oljefondet får utvide sin portefølje til å omfatte slike investeringar. Konsulentfirmaet Mercer har i ei utgreiing på oppdrag frå Finansdepartementet gitt det same rådet. Noko for Venstre å ta tak i?