I 2024 er det 1000 år sidan innføringa av kristenretten i Noreg. Dette skjedde på Mostratinget på øya Moster, som ligg i dagens Bømlo kommune.
Jubileumsveka varar frå 28. mai til 2. juni. Under samtalen om «Verdisetjing av natur» diskuterer me rettsvern for norsk natur, naturavtalen, arealavgift, kommunars evne til å forvalte natur, matproduksjon versus naturbruk, og byggeprosjekt i det grøne skiftets namn.
Deltakarar: Tom Heldal (NGU), Adele Matheson Mestad (Norsk Institusjon for Menneskerettigheter), Andrew Kroglund (Besteforeldrenes klimaaksjon), Linda Nøstbakken (Ssb) og Vigdis Vandvik (UiB).