Grunnlova si paragraf 112 skal sikra ei langsiktig og allsidig forvalting av naturressursane – i eit generasjonsperspektiv. Denne paragrafen slår også fast at det er staten sine myndigheiter som har ansvar for å iverksetja tiltak som sikrar desse rettane. Ivaretek den norske staten Grunnlova når dei deler ut nye konsesjonar for leiting og produksjon av olje og gass i Barentshavet?
13. november startar rettssaka mot staten v/ Olje- og energidepartementet, etter at Natur og Ungdom og Greenpeace Norge saksøkte dei for brot på Grunnlova paragraf 112. Dette vert første gongen miljøparagrafen vert prøvd for domstolane.
I samarbeid med Naturvernstudentene Bergen og Klima=Helse inviterer Naturvernforbundet Hordaland til debatt om temaet. Program og innleiarar vert annonsert fortløpande: https://nb-no.facebook.com/events/1899763823684390