Besteforeldrenes klimaaksjon og Det Norske Teatret inviterer til møte
med kultur og miljøengasjement.
Bikuben – gratis inngang. Smørbrød, kaker, kaffi/te til sals frå kl 11.30.
Måndag 29.01
«Natur» med Mina Adampour
Mina er ein ung norsk lege og samfunnsdebattant. Hennar fyste bok er ei diktsamling på nynorsk med tittel «Natur». Mina les eigne dikt.
Tysdag 30.01.
«Planet – venlege tekstar» med Olava Bidtnes
Olava har skrive ei rekke dikt og noveller og i godt vaksen alder gjeve ut fire lyrikkbøker. Ho makrofotograferer naturen. Det har styrka hennar respekt for skaparverket. Olava les eigne dikt.
Torsdag 01.02.
«Vårt hjem. Vår jord» med Jannik Bonnevie
Jannik har vore skodespelar i over 50 år og hatt engasjement ved fleire teater i Oslo og andre stader i landet. Som bestemor er ho oppteken av framtida til borna og livet på jorda. Jannik les dikt av fleire forfattarar.
Fredag 02.02.
«Det er ennå tid» med Stephan Richter og Ivan Chetwynd
Stephan er visesongar og skriv eigne låtar om klima og miljø, sjå https://www.stephanrichter.online Ivan meldar bøker og har skrive dikt om naturen i over 60 år. Dei framfører eigne songar og dikt om tid og natur.