Eit fossilfritt Bergen i 2025 verkar å være innan rimeleg rekkevidde, meiner Helene Frimannslund. Ho er prosjektleiar for stiftinga Klimapartnarar i Hordaland, og har engasjert seg i kampen for ein grønare lokalpoltikk i Vestlandets hovudstad, lik den vi no ser i miljøprogressive bysamfunn verda rundt: – I desember i år møtes verdens nasjonar i Paris med håp om å få på plass ei bindande klimaavtale. Men uavhengig av ein avtale, ser ein at den grøne omstillinga allereie skyt fart «nedanfrå og opp», med utspring i ambisiøse verksemder, byar og regionar, skriv ho på bloggen sin i nettmagasinet Energi og Klima.
Kven tek denne grøne ballen vidare i lokalvalet?
– I byen eg kjenner best, Bergen, blei visjonen om «Fossilfri Bergen 2025» nyleg lansert med utspring i den lokale Klimavalgalliansen. Ideen inneheld nokre sentrale grep som må til for å få ein effektiv grøn omstilling av byen: Fossilfrie trafikkløysningar, fossilfrie investeringar, fossilfri havn og oppvarming.
– Før sommaren lanserte byråd for byutvikling, planen om gradvis å stenge Bergen sentrum for fossile bilar (…) I dei siste åra har ein kunne rapportere om imponerande salstal for elbilar i Hordaland. Storstilt utbygging av ladeinfrastruktur har vore med og gjort dette mogleg.
– Skal vi oppnå fossilfri trafikk i Bergen i 2025, treng vi ein ambisiøs kombinasjon av nullutsleppstransport, rushtidsavgift og løysningar som reduserer behov for trafikk: betre arealplanlegging, bybaneutbygging, bruk av BIR sitt nye bossuganlegg, fremming av samkøyringsløysningar, tilrettelegging for bildeleringar i arbeidstida som hos Atea, og ikkje minst betre tilrettelegging for gåande og syklande.
Les heile artikkelen i Energi og Klima:
http://energiogklima.no/blogg/helene-frimannslund/fossilfrie-norske-byar-2025
Og merk: Førstkommande laurdag er stor aksjonsdag i Bergen for Klimavalgalliansen. Under slagordet «Fossilfritt Bergen», sjølvsagt: https://test.besteforeldreaksjonen.no/?event=bergen-aksjonsdag-foran-kommunevalget