Det er lov å vera optimist. Spørsmålet er om det er realistisk, seier tidlegare NRK-journalist Astrid Brekken, etter å ha delteke på møte i Miljødirektoratet 20. november, der temaet var: Kor mykje må dei globale klimagassutsleppa minskast innan 2050 for å hindre ein temperaturauke på over to grader, utan å gjera verda avhengig av storskala teknologi som trekkjer karbondioksid (CO2) ut av atmosfæren? – På klimakonferansen i Paris er alle land inviterte til å koma med sine klimamål, og dei vil nå innsjå at dei må levere. Det meinte paneldeltakar Kjetil B. Alstadheim, politisk redaktør i Dagens Næringsliv. Han valde å vera optimist.
Stol ikkje på negative utslepp
På oppdrag av Miljødirektoratet har professor Detlef van Vuuren ved Universitetet i Utrecht saman med andre forskarar levert ein analyse som vurderer korleis kutt i utslepp fram mot 2050 påvirkar kva tiltak som blir naudsynte i siste halvdel av hundreåret. Van Vuuren har vore sentral i arbeidet med utsleppsbanene brukt i FNs klimapanels femte hovudraport frå 2013-14.
Tiltak som fjernar CO2 frå atmosfæren, såkalla negative utslepp, i hovudsak skogplanting og bioenergi med karbonfangst og lagring (bio-CCS), blir truleg naudsynte dersom vi skal avgrense den globale oppvarminga til to grader. Men van Vuuren peika på risikoen ved å satse på for omfattande bruk av slike løysingar. Investeringar dei neste ti åra blir sers viktige for kor avhengige vi blir av slike karbonnegative løysingar. Analysen viser til at energiinvesteringar ofte har ei levetid på 40-50 år. Det betyr at nye langsiktige investeringar i energiforsyning bør vera CO2-nøytrale om cirka 10 år. Det kan vi oppnå gjennom ein kombinasjon av fornybar energi, kjernekraft, karbonfangst og lagring, energieffektivisering, bioenergi og livsstilsendringar.
Fleire i panelet meinte at vi ikkje kan setja vår lit til store negative utslepp. Johanne Sæther Houge, rådgjevar for skog og klimaforhandlingar i Naturvernforbundet, sa at det trengs enorme landareal, kanskje tilsvarande heile Afrika til dette formålet om det skal monne, og det er mange usikre faktorar i bildet. Og ho minna om at når det gjeld disponering av landareal er diettendring viktig, kjøt bør ikkje stå på menyen meir enn ein gong i veka.
Dersom utsleppa held fram å auke raskt, og følgjer den høgste utsleppsbanen til FNs klimapanel, seier dei nederlandske forskarane at vi vil ha brukt opp 70 prosent av karbonbudsjettet på 1000 milliardar tonn CO2 alt i løpet av dei neste 15 åra. Analysen viser også at sjølv for det avgrensa talet lavutsleppsbaner der totalutsleppa ikkje går under null innan 2100, vil omlag 70-80 prosent av karbonbudsjettet vera oppbrukt i 2050.
Det seier seg sjølv at jo mindre verdas leiarar vel å redusere før 2050, jo kraftigare kutt må til etter 2050. Da gjev dei – og alle vi medskuldige – ein livstrugande arv til klodens barnebarn og oldebarn.
Van Vuuren et al. (2015), Implications of long-term scenarios for medium-term targets (2050), The Hague: PBL Netherlands Environmental Assessment Agency.