På People’s Summit i Paris er ein skeptisk til klimaforhandlingane. Samstundes er trua på folkets kraft stor, fortel Framtida.no. Dei to journalistane Tora Hope og Andrea Rygg Nøttveit har følgt med heile vegen frå Oslo med Klimatoget. Dei fortel om gater fulle av dansande, syngande og smilande aktivistar, klovnar, mytiske figurar og korps. Det er herleg å vere del av dette, seier Steinar Rundhaug til avisa. Han utgjer baktroppen i det felles kostymet til Besteforeldrenes klimaaksjon. Dei har kledd seg ut som iskant, og no flyttar dei seg rundt som dei vil. – Akkurat som regjeringa flyttar rundt på iskanten nett som det passar, gliser bestefaren frå Haugesund.
Meiner Noreg driv dobbeltspel
Medan forhandlingane om klimaavtalen føregår i Paris, har olje- og energiminister Tord Lien vore i Brussel og jobba for at EU skal forplikte seg til å kjøpe store volum gass frå Barentshavet, ifølgje magasinet Energi og Klima.
Det går ikkje upåakta hen blant dei norske aktivistane i Paris. – Då vi reiste frå Oslo fekk vi beskjed frå klima- og miljøministeren om å gjere heimeleksa vår for å forstå at Noreg er eit føregangsland på klima. Eg lurer på om partane i COP21 kjøper Noregs image, seier Ola Dimmen frå Besteforeldrenes klimaaksjon.
Les heile artikkelen i Framtida.no:
http://framtida.no/articles/her-lagar-folk-sitt-eige-toppmote#.VmRIhmeFOM8