Vi er som små mygg å rekne, kvar og ein av oss. Men i store nok svermar vert vi ubehagelege, seier Hanne Elise Rundhaug (70) og mannen hennar Steinar (73) til Haugesunds Avis. Dei er med på klimatoget som gjekk frå Oslo for to dagar sidan, saman med hundre andre eldre og yngre klimaaktivistar. Dei to haugesundarane har lang fartstid i miljørørsla, og skal delta på «Folkets klimatoppmøte» i Montruil, ein bydel aust i Paris. – Eg trur på nytten av å vise engasjement og håpar på eit nytt medvite blant folk, seier Hanne Elise til avisa. Vi kan ikkje vere pessimistiske, men må tru på at folk saman har mot og kraft til endring: Til Paris for barnebarna