Broderer mot global oppvarming

elisabeth ålElisabeth Tveter Briseid broderer for ei betre framtid. Det er ikkje berre politisk, det er også trendy, skriv avisa Hallingdølen i eit heilsides oppslag 11. februar. Ho har tidlegare synt fram broderia sine i Drammen bibliotek, og no er turen kome til Ål. – Eg er så glad i handarbeid, og eg er kjempeengasjert i klimaet. I haust begynte eg å kombinere desse to tinga som ligg hjartet mitt så nært, og eg starta å brodere ut frustrasjonen, seier geriljabroderi-makaren til journalist Torunn Akersveen Lied. Ho er glad for å få høve til å stille ut i biblioteket – og biblioteket er glad for å vere ein stad for aktuell samfunnsdebatt og nye uttrykk.

klimakamp på veggen 2
Hallingdølen fortel vidare: – Drammensaren og hytteålingen er bestemor til åtte, snart ni, og ho er med i Besteforeldrenes klimaaksjon, ein organisasjon som vil motverke menneskeskapt global oppvarming. Hennar bidrag? Ei form for geriljabroderi. «Kjære Gud, jeg har det godt, takk for alt som jeg har fått. Du er god, du holder av dem som rammes av katastrofer andre har skylda for», står det på ein av stoffbitane Briseid heng opp i Ål bibliotek.

– Om ikkje menneska handlar resolutt no, så går me mot så mykje oppvarming at kloden ikkje blir til å leve på. Det seier vitskapen. Me som besteforeldre i verdas rikaste land har eit ansvar og ei god mogelegheit til å sørge for at det ikkje blir verkeleg, seier ho.

Alle kan gjere noko
Geriljabroderi har blitt eit eige varemerke og blir definert som undergravande korsstingverksemd. Like mykje i tida er geriljastrikking, også kjent som garnbombing. Har du nokon gong sett eit tre, eit sykkelstativ, eller for den saks skuld ein militær tanks kledd i fargesprakande strikk? Då har garnmafiaen vore på ferde – gjerne kvinner som gjer stemma si høyrd ved hjelp av handarbeid. Briseid broderer òg for å bli høyrd.

– Klimaproblema må løysast på globalt, nasjonalt og lokalt plan, og alle har sitt ansvar og kan gjere noko, seier ho.

«Kloden dør, tut og kjør» og andre broderi er no på plass i Ål bibliotek. – Det er heilt topp at biblioteket kan bli brukt til dette, seier biblioteksjef Anne S. Kaslegard.

Broderier Ål bibliotek

Foto: Torunn Akersveen Lied / Hallingdølen

Foto: Andrea Rygg Nøttveit/Framtida.no

Foto: Andrea Rygg Nøttveit/Framtida.no

Foto: Gry Iren Bårdsnes

Foto: Gry Iren Bårdsnes

Foto: Gry Iren Bårdsnes

Foto: Gry Iren Bårdsnes

Broderi tekst 1

Foto: Gry Iren Bårdsnes

Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Brita Helleborg | 17.02.2016

    Superfine broderier og slagord. Kanskje dette er noe vi kan gjøre lokalt hos oss også. Er det OK å brodere de samme slagordene hos oss, eller er det copyright, slik at vi må være kreative og finne på våre egne slagord. Tusen takk for ideen til dette.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*