Lukke til med viktig arbeid! Eg er stolt av at besteforeldrene har valt seg Lindås som første plassen dei besøker i kampanjen for å få hordalendingane med på eit ekstra løft for klimaet, sa fung. ordførar Nina Bognøy då ho opna arrangementet i Knarvik Senter på laurdag. Med appellar og orienteringar, song og musikk vart det ein vellukka start på kampanjen som ut over året skal innom eit tiltalls kommunar i fylket. Målet er å få opp engasjementet på grasrota, og vise politikarane at dei har folket sin støtte om dei viser mot og handlekraft. Nokre upopulære tiltak må til. Men Besteforeldreaksjonen skal syte for at også desse vert populære!
– Vi må ta vare på odelen
Ordføraren tok i sitt innlegg utgangspunkt i slagordet som er valt for kampanjen: «Vil du vera deltakar eller tilskodar?» – Kven er desse ‘du’ som desse besteforeldrene spør? – Eg tenkjer det er oss alle i hop: du, eg, min familie, kommunen, arbeidsplassen min og landet mitt. Oss alle i fellesskap! Me har høyrt det før, og det gjeld enno: – Tenkje globalt og handle lokalt. Innsats for eit bedre klima er ein innsats for å trygga ein rikdom vi ikkje får att om vi skuslar han bort: den fantastiske kloden vi alle lever på og deler.
I Lindås kommune er det eit stort fokus på smart energibruk, fortalde ho. – Det er ei rekkje små og store mål å nå, men om ein arbeidar jamt og trutt, så trur eg vi når langt. Paris-avtalen har lagt eit press på oss som vi både skal kjenne og arbeide etter.
– Vi har i Noreg det gamle omgrepet om odel. Det er viktig for vår tid fordi det seier noko om ansvar over generasjonar. Grunnsynet er at ein skal overlevere garden til neste generasjon i betre forfatning enn det ein sjølv overtok. Tek vi dette med oss i arbeidet med dei globale utfordringane, er vi på trygg grunn.
Etikk, ikkje politikk
Tidlegare biskop i Bjørgvin, Ole Hagesæther, har sjølv vore med i Besteforeldreaksjonen sidan starten. Han bur no i Lindås og heldt ein appell der han la vekt på kyrkja si rolle i samfunnsdebatten. – Eg veit det er nokon som skuldar oss for å drive med politikk. Men det er absolutt ikkje rett, sa han. Vi kjem ikkje med løysingar, men med utfordringar. Kyrkja sitt engasjement er etisk og religiøst. Vi har fått eit ansvar som forvaltarar av skaperverket. Når vår neste lider under øydeleggjingane frå eit forstyrra klima, er også dette vårt ansvar.
– Ofte er det grådigheit som ligg bak. Det er synd både mot menneske og Gud! Det er ein demokratisk rett og plikt for oss alle å delta i familie og samfunn, og gjere det vi kan for å hindre ytterlegare forverring av livsvilkåra på Jorda. Skaparverket er skjørt og sårbart. Eg er glad og takknemlig over denne formiddagen der også vi som bur i Nordhordland kan verte utfordra og inspirerte.
Gratulerer til Hordaland-gjengen med opninga og opplegget! Her er Besteforeldreaksjonen verkeleg på banen i første rekke for klima og framtida!
Inspirerende!
Gratulerer Hordaland med å være «deltaker». Jeg tror at dette er det viktigste vi kan gjøre; å fortelle politikerne og andre beslutningstakere hva vi vil og at vi er villige til å betale prisen og at vi får med oss andre, mange andre i alle aldre.