Elektrisk på Beitostølen

På batterisykkel 2
Elektrisk stemning: Bodvar Sonstad har fått med seg Margaret Heldor (t. v.) og Ingfrid Rotevatn på tur med elsykkelen. Foto: Bjørn Karsrud

– Vi har ikkje tid til å vente på at elbilen blir perfekt. Kjøp elbil no, er oppfordringa til Bodvar Sonstad på Beitostølen. Den spreke, pensjonerte legen, som framleis jobbar eit par dagar i veka, er ekte elbilentusiast. Og ikkje nok med det. Han sver også til elsykkel. Men så er han då også leiar for klimagruppa på Beitostølen og med i Besteforeldrenes klimaaksjon, fortel Valdresmagasinet i ein flott reportasje frå den kjende vintersportbygda i Oppland.

Bodvar Sonstad peikar på at mange bruker som motargument at ein del av straumen elbilane i Europa bruker, kjem frå kolkraftverk. – Men vi kan ikkje vente til den siste kolbiten er brukt opp. Vi har berre ti år på oss, skal vi redde klimaet, seier Sonstad, som i fjor reiste ned til det alternative klimamøtet i Paris – med tog.

Sonstad har ikkje mindre enn tre elsyklar. – Det må eg ha, om eg skal få med gjester på sykkeltur, seier han. Då Valdresmagsinet var innom, hadde han besøk av to klimavenninner som begge er med i klimagruppa på Beitostølen, Ingfrid Rotevatn og Margaret Heldor. Dei vedgår at dei framleis kjører på diesel og bensin, men vurderer begge sterkt å kjøpe elbil ved neste krossveg.

Og elles så kan dei jo fortelja at dei alltid bruker Valdresekspressen når dei skal til Oslo. – Vi har ein jobb å gjera med få folk til å tenkje klima og miljø, seier Ingrid Rotevatn, som blir supplert av Heldor: – Problemet er at alt i dag skal gå så forbaskade fort, seier ho. Dei meiner begge at ein bør bruke kollektive transportmiddel som eit alternativ. – Vi synest for eksempel at hyttefolket i større grad bør bruke bussen når dei skal på hytta på Beitostølen, seier dei to damene.

Les meir i Valdresmagasinet:
https://valdresmagasinet.com/index.php/2017/04/20/elektrisk-paskestemning-pa-beitostolen

Foto: Bjørn Karsrud

Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Finn Bjørnar Lund | 04.05.2017

    I ei tid der bilforhandlere pusher fossilbiler på helsides annonser, og avissidene ellers er tilbakeholdende med å fortelle om alt det nye på elbil- og sykkel-fronten, er dette herlig å lese! Bodvar får vist at el-motorer går sommer som vinter!
    Takk!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*