Song og musikk og god stemning prega markeringa til Klimavalalliansen i Bergen i går, i håp om å påverke det viktige valet folk skal gjere 11.september. Medlem av Concerned Scientists og professor i internasjonal helse, Gunnar Kvåle, heldt ein sterk appell. Saman med han var aktivistar og appellantar frå Naturvernstudentane, Framtiden i Våre Hender og Besteforeldrenes klimaaksjon, som denne gongen hadde fått musikalsk forsterkning frå Trondheim.
Eg har i mange år arbeidd som lege og forskar innan internasjonal helse. Det er semje mellom helseforskarar om at global oppvarming er den største trusselen mot global helse i vårt hundreår. Alt no ved ei oppvarming på litt over ein grad, ser vi store skader.
I år har vi opplevd sterk hete, tørke og brannar i Sør-Europa. Alvorlege hetebølger vil råka ein stadig større del av verda om me ikkje greier å redusera utsleppa. Vi må i dei komande 10-år rekna med ei sterke auke av dødsfall på grunn av hete, både i Europa og ikkje minst i tropene.
Dersom utsleppa får lov å halde fram som no, vil temperaturen nå eit nær døyeleg nivå i mange område i tropene. Samstundes får vi sterkare orkanar og kraftigare ekstremnedbør med flom og store skader.
I Texas har dei nett opplevd det kraftigaste nedbøren og flaum som nokon gong har råka dette området. Det er meldt at over tusen har mist livet i flommen som no herjar i store deler av India og Bangladesh. Mange millionar er råka. Konsekvensane av vidare global oppvarming er endå sterkare orkanar og større nedbørsmengder. Store landområde vil bli ubebuelege.
Difor: Klimagassutsleppa må reduserast så rasks som det er mogeleg. Det er på høg tid å bremsa norsk oljeproduksjon, slik Klimavalalliansen krev! Det uansvarleg å satsa på fortsatt full kjør i oljeproduksjonen som Norge no gjer. Det er spesielt uansvarleg å leggja opp til å leita etter meir olje og gass med tanke på produksjon om 10-20 år, når vi veit at utsleppa då må gå mot null. Men trass i dette prøver Olje- og energiminister Terje Søviknes å skræma oss med at velferdsstaten er truga dersom vi ikkje opnar nye felt i Barentshavet.
Men sanninga er det motsette. Norsk oljeproduksjon skadar helse og velferd! Sjefen for Earth Institute ved Columbia University, den verdkjende økonomen Jeffrey Sachs, seier dette om norsk oljeutvinning i Arktis: «De vil sløsa bort pengane og øydeleggja jorda!» Noreg fører likevel ein politikk som om vi trygt kan fortsetja å vinna ut og bruka olje i mange 10-år framover og fortsetja å leita etter meir Dette er ei farleg feilsluting!
Vi treng fleire politikarar som ser alvoret og som set alt inn på å endra kurs og som styrer mot fornybarsamfunnet.
Det er ikkje for seint å snu!
Gjer valet til eit vendepunkt for klima!
Saman kan vi skapa ei betre framtid!
GODT VAL!