Det vart ei fin markering i parken i Dale i Sunnfjord då Normann Natland kom dit i går. 25-30 bygdefolk var samla for å høyre han fortelje frå «sykle for klima»-turen frå Alta. Lærar og trekkspelar Torodd Fagerheim akkompagnerte allsongen, medan Erik Solheim, den tidlegare leiaren i Naturvernforbundet, hadde tatt vegen frå Førde for å halde ein appell – på rim for dei imponerte tilhøyrarane!

Mange miljøengasjerte sunnfjordingar kom for å høyre Normann Natland fortelje om den store sykkelturen og sitt engasjement for born og framtida – og for å syngje saman. Foto: Eldrid Skudal



Ingen kan få opp songgleda som Torodd Fagerheim når trekkspelet kjem fram. Foto: Eldrid Skudal

Ein glad og fornøgd Normann Natland på veg vidare sørover. Neste stopp er ferjeleiet på Rutledal. Foto: Eldrid Skudal
Nydelig! Sigrid Undset siterer St. Thomas omtrent slik: Det kommer intet inn i intellektet, som ikke først har vært innom følelsene.