4 – 12. nov. skal Høgsterett handsama klimasøksmålet. Filosof David Vogt og jurist Jørn Øyrehagen Sunde vil kvar dag laga ein podkast om korleis saka utviklar seg. «I denne saka skal Høgsterett avgjera kor mykje omsynet til dagens velferd skal vega mot omsynet til framtidige generasjonar, og i kor stor grad Grunnlova skal setja grenser for politikken», skriv dei på «Klimasaka dag for dag».
«Miljøorganisasjonar og deira støttespelarar har tapt i to instansar. Vil dei likevel vinna i siste runde?»
«Det som står på spel, er om tildelinga av nye petroleumskonsesjonar i Barentshavet er i strid med vernet om klima og miljø etter Grunnlova. I denne saka skal Høgsterett avgjera kort sterkt grunnlovsvernet for klima og miljø skal vera, korleis ein skal vurdera petroleumsutvinninga sitt bidrag til global oppvarming, kor mykje omsynet til dagens velferd skal vega mot omsynet til framtidige generasjonar, og i kor stor grad Grunnlova i klimaspørsmål skal setja grenser for politikken. Klimasaka er den rettssaka der størst samfunnsverdiar har stått på spel sidan Den store konsesjonssaka i 1918.»
Gjestar i «Klimasaka dag for dag» er politisk redaktør Eirin Eikefjord, klimaforskar Kikki Kleiven, filosof Gunnar Skirbekk, jurist Marius Mikkel Kjølstad og statsvitar Erik Aarebrot.
Sjå også:
David Vogt: Det eneste som kan redde regjeringens oljepolitikk fra å ende som en gigantisk feilinvestering, er at Parisavtalen mislykkes (kronikk Bergens Tidende 2020)
Ekspertintervju: Ikkje imponert over klimadommen, seier professor Jørn Øyrehagen Sunde (Energi og Klima 2017)