Partia og oljepolitikken

Klimavalg 2921 kvadr

Lenge søkte norske politikarar å halde klima og olje frå kvarandre, som to åtskilde politikkområde. Det går ikkje lenger. Men i kva grad tek dei innover seg kravet om at verda raskt må trappe ned bruken av fossile drivstoff? Vil dei stramme inn, – eller skal norsk olje utvinnast til siste dråpen? Vi har gravd i partiprogramma for å finne svar.

Klimakrisa angår partiprogramma og oljepolitikken
Ola Dimmen, 22.03.21

Stortingsvalet 2021 vil legge rammene for norsk klimapolitikk i komande periode og kanskje for heile tiåret. Besteforeldreaksjonen har undersøkt korleis partiprogramma møter utfordringane ved å stille konkrete spørsmål til kva tiltak partia vil gjere i oljepolitikken.

Stortingsvalet vil også legge premissane for norske standpunkt på klimatoppmøtet i Glasgow i november. Verda må oppfylle og forsterke Parisavtalen. Det meste av fossile ressursar må ligge ubrukte viss vi skal unngå ei katastrofal global oppvarming.

Spørsmåla i matrisen (under) tek utgangspunkt i dette. Vi legg mindre vekt på oljenæringa si framtidige rolle i norsk økonomi. Talet på spørsmål må avgrensast, og det er difor ikkje stilt spørsmål om bruk av oljefondet, økonomisk risiko ved oppstart av olje- og gassproduksjon i nye felt i Arktis, eller elektrifisering av plattformar frå land.

Partiprogramma er viktige for demokratiet

Partiprogramma kan sjåast på som ein kontrakt mellom parti og velgjarar, og matrisen viser kva svar vi kan finne i utkast til partiprogram, per dags dato.

Vi ser at fleire parti vil stanse meir oljeleiting (grøne felt i matrisen). Når det gjeld oljeproduksjon og oljeskatteregimet, er det fleire uklåre og manglande svar (gule og grå felt). Dette betyr at velgjarane ikkje får tydeleg beskjed. Uklåre og uforpliktande program medfører at politikken i større grad blir utforma i interne prosessar i partia, i stortingskomitear og regjering, og at lobby har friare spelerom. Dette er med å svekke folkestyret og den demokratiske prosessen.

Besteforeldrenes klimaaksjon forventar at ei trygg framtid for komande generasjonar er mål nummer éin for dei politiske partia. Difor må klima bli viktigaste sak i valkampen. Og vi utfordrar partia til å gje utvetydige svar på kva politikk dei går inn for i stortingsvalget 2021.


Kommentarar til dei enkelte partiprogramma

Kommentarane tar utgangspunkt i det programutkasta som ligg føre. Landsmøta vedtek endelege program.

Raudt (vedteke program). Raudt går inn for endringar på systemnivå i klimapolitikken og for større statleg styring med oljeverksemda. Raudt er tydeleg på å stanse meir oljeleiting, men vil likevel ikkje sette nokon sluttdato for avvikling av norsk oljeproduksjon. Dei er meir utydelege på å stoppe den leitinga som allereie er i gang. Raudt går likevel inn for å avskaffe støtteordningane til oljeleiting, og då stoppar kanskje leitinga av seg sjølv.

Sosialistisk Venstreparti. SV er tydeleg på at klimakrisa og grøn omstilling er den største utfordringa vi står overfor. Programutkastet legg opp til sterkare offentleg styring med oljenæringa og styrt avvikling av oljeproduksjonen. SV er tydeleg på å stanse alle nye leitelisensar, men svarar litt uklart på spørsmåla om forlenging av eksisterande produksjonslisensar. Samla sett svarar SV positivt på mange spørsmål i matrisen og har sterkt fokus på klima og miljø i programmet.

Miljøpartiet Dei Grøne. Programutkastet har stort fokus på olje og grøn omstilling vekk frå oljesatsing. MDG vil avslutte norsk olje- og gassproduksjon innan 2035, men er likevel uklare på kor mykje Noreg skal avgrense allereie eksisterande oljeproduksjon evt. før 2035. MDG vil verne sårbare havområde for vidare oljeleiting, og vil avvikle statlege støtteordningar til oljenæringa. Dei presenterer mange forslag til  konkrete tiltak for grøn omstilling og nye arbeidsplassar og svarar ja på mange spørsmål i matrisen.

Arbeidarpartiet. Programutkastet til AP vil at klimapolitikk skal bli ei «ramme rundt» all anna politikk. Programutkastet er prega av positiv omtale av oljearbeidarar og oljenæringa, og AP vil satse på kompetanse hos oljeselskap og oljearbeidarar i forhold til karbongast og lagring, vindkraft mm. AP vil kutte utsleppa frå oljeproduksjonen med 50 prosent innan 2030, men programutkastet gir få svar på dei konkrete spørsmåla i matrisen.

Senterpartiet. Senterpartiet understrekar at klimatiltaka må sjåast i samanhang med andre samfunnsmål, for eksempel satsing på skog. Dei satsar på fortsatt olje- og gassproduksjon og vil ikkje ha snarleg utfasing av norsk oljeproduksjon. Dei angir berre at produksjonen må reduserast fram mot 2050. Dei ønskjer å verne sårbare havområder for oljeleiting, men gir samla sett få klare svar på spørsmåla i matrisen.

Sentrum. Programutkastet har stort fokus på klima og miljø og på nødvendig omstilling av oljepolitikken. Sentrum vil avvikle oljeproduksjonen innan 2035, men svarar ikkje direkte på kor mykje dei vil avgrense allereie eksisterande produksjon evt. før 2035. Sentrum vil avvikle leiterefusjonsordninga,  men er likevel noko uklar omkring norsk oljeverksemd i Arktis. Sentrum har mange forslag til omstilling av norsk oljeverksemd som ikkje blir omfatta av spørsmåla i matrisen.

Venstre. Programutkastet til Venstre legg stor vekt på klimaspørsmål og grøn omstilling. Det gir ein del konkrete svar på å redusere framtidig oljeleiting og verne sårbare område, men går ikkje inn for å avgrense noverande oljeleiting og oljeproduksjon. Dei svarar uklart på kor mykje partiet vil avvikle støtteordningane til oljenæringa, men ønskjer at oljeselskapa skal ta større del av den økonomiske risikoen ved framtidig oljeverksemd.

Kristeleg folkeparti. KrF er tydeleg på alvoret i klimakrisa. Dei vil at olje- og gassproduksjonen skal avviklast, men vil ikkje  sette sluttdato for norsk oljeproduksjon. KrF vil gi varig vern til sårbare havområde og vil ikkje ha nye konsesjonsrunder. Det er likevel uklart korleis KrF stiller seg til oljeleiting og evt. ny produksjon i Arktis, og partiet svarar negativt eller uklart på ein god del spørsmål i matrisen.

Høgre. Høgre går inn for strenge klima- og miljøkrav og at dette også må vere lønsamt for næringslivet. Dei går også inn for næringsretta forsking på teknologiske løysingar på klimautfordringane. Dei er innom spørsmål om oljevern og miljøkrav og sameksistens med fiskeri i Barentshavet, men partiprogrammet gir likevel nesten ingen konkrete svar å spørsmåla i matrisen og dei sentrale oljepolitiske utfordringane i forhold til klima.

Fremskrittspartiet. FrP vil satse stort på norsk olje- og gassproduksjon inn i ei uspesifisert framtid, og vil ikkje starte utfasing. Dei vil også fortsette med støtteordningane til oljenæringa. Programmet går inn for leiteboring i Barentshavet nord utan å vurdere konsekvensar for  klima- og miljø, og iskanten er ikkje nemnd i programmet. Deivil ha oljeaktivitet i Lofoten, Vesterålen og Senja. FrP vil verne folk mot inngripande klimatiltak som dei kallar «grøn sosialisme». Programmet svarar negativt på mange spørsmål i matrisen.

Spre klimavett,
del denne saken!

7 kommentarer

  1. Kristian Frederik Brandt | 24.03.2021

    Veldig bra! Informativt for dem som er opptatt av klima. Kan motivere til å gå inn i aktuelle partiers programmer.

  2. Brit Haver | 01.04.2021

    Takk for god oversikt i god tid før valget.

  3. Christian F. Holst | 02.04.2021

    Takk for oversikten. Den blir god å ha i diskusjoner om klimakrisen. Vet om flere som hevder klimakrisen er bare «tull» og overdrevet snakk!

  4. Randi Hagen Fjellberg | 03.04.2021

    Takk. Dette var et godt stykke arbeid! Verdt å dele!

  5. John Gustav Johansen | 04.04.2021

    Dette var avslørende, da har vi ikke så mange å velge mellom. Grei oversikt! Godt grønt valg ønskes.

  6. lingjerde gunnar | 04.04.2021

    Det var muligens forutsigbart men allikevel nedslående hva gjelder både ap og høyres standpunkter. mdg synes som det eneste akseptable alternativ dersom man ønsker en radikal endring i både klima- og naturmangfold-politikken

  7. John W Downing | 05.04.2021

    Takk for en meget bra oversikt.
    Det er kart at MDG ser såvidt penest ut på dette skjemaet, med Rødt og SV klart nest best. Men MDG har ingen klasseanalyse. De lefler til høyre og venstre etter som det passer dem. De forstår ikke at uten at en godt fagorganisert arbeideklasse er med, og videre at inntekts- og andre økonomiske forskjeller i samfunnet er drastisk redusert, hvilket betyr at den rådene neo-liberalistisk kapitalismens makt må begrenses meget.
    Altså, klimakampen trenger en ekte grønn sosialisme, en ekte rød-grønn politikk, ellers har den ikke en sjans å lykkes.
    Da faller valget mellom Rødt og SV. Kan ikke disse to i det minste inngå et valgsamarbeid? Vi har ikke all verdens tid!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*