Hastar med omstilling

tove ingunn
Tove Indregard og Ingunn Elstad forklarar kvifor fisken er mykje viktigare enn olja for Nord-Noreg.

Oljen og gassen på norsk sokkel minkar. Funna er små, færre og lengre nord. Fleire land fasar ut olje og gass, og oljeprisen er usikker. Ein studie SSB har gjort for Naturvernforbundet viser at oljeinntektene vil falle midt på 2020-talet, og frå 2030 blir fallet stort. Noreg må med andre ord omstille seg, skriv to besteforeldreaktivistar i eit innlegg.

Ingunn Elstad og Tove Indregard, Besteforeldrenes klimaaksjon
Frå artikkelen:

Besteforeldrenes klimaaksjon åtvarar: Global oppvarming til 1,5 gradar vil redusere ressursgrunnlaget, forsyningane av mat og vatn, helsa og tryggleiken. Tendensen går mot mykje sterkare oppvarming. For sju år sidan oppfordra FN nasjonane til å la fossile ressursar ligge, og Noreg gjorde det motsette. I utlandet blir det snakka om norsk klimahykling: Vi er nasjonen som snakkar pent om klimaet og tener stort på oljeeksporten.

Barentshavet er ikkje mindre viktig enn Lofoten. Der lever og vandrar torsk, hyse, lodde, reker og sild. Sjølv om oljeselskapa skal ta omsyn til fiske og marine organismar, vil seismikkskytinga under leitinga skremme og skade fisk og yngel. Polarinstituttet har oppfordra til å halde leiteboringa så langt sør som muleg av omsyn til livet i havet, men er ikkje blitt høyrt. Storhavet i nord er det siste satsingsområdet til oljenasjonen.

Kor mange i olje- og gassnæringa bur og skattar i landsdelen? Har dei fast jobb eller kortvarige oppdrag? Olje- og gassutvinninga med leverandørindustrien i fylket hadde 468 lokale årsverk i 2019. Same året hadde 1188 kvinner og menn fiske som hovudyrke i Finnmark. Det er klart at fiske gir langt fleire arbeidsplassar enn olje og gass. Det same gjeld heile landsdelen, der olje- og gassutvinninga med leverandørindustrien i 2019 stod for 1166 lokale årsverk, medan 4315 hadde fiske som hovudyrke. Unge som søker fiskaryrket finn det dyrt å skaffe seg fiskekvote, men oljeleitinga i det same havet er fullsubsidiert.

Sjå heile innlegget i Nordnorsk debatt 5. mai: Avhengig av olja?

Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Finn Bjørnar Lund | 06.05.2021

    Takk til Tove Indregard og Ingunn Elstad for et ryddig og veldokumentert innlegg som avslører noen av de tvilsomme «sannhetene» vi er foret med om norsk petroleumspolitikk, særlig i nord. 🙃 De viser at vi er feilinformert fra oljelobbyen og oversvømt av usanne påstander om oljens velsignelser.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*