Oljelobbyen vil ha oss til å tru at velferdssamfunnet er avhengig av at vi held fram med olje og gass. Men Noreg var eit godt samfunn å leve i, med god velferd, også før vi fann «det sorte gull». I framtida vil vi vere meir avhengige av å frigjere oss frå oljeavhengigheita, enn å halde fram med henne, argumenterar to besteforeldre i ein kronikk i Ságat.
Av Ingunn Elstad og Tove Indregard
Besteforeldrenes klimaaksjon Arktis, Tromsø og omegn
For sju år sidan oppfordra FN nasjonane til å la fossile ressursar ligge, og Noreg gjorde det motsette. I utlandet blir det snakka om norsk klimahykling: Vi er nasjonen som snakkar pent om klimaet og tener stort på oljeeksporten. For første gong er klimaet ei hovudsak i norsk valkamp, men når det gjeld oljen og gassen, er det temmeleg tyst.
Det er no klart at olje og gass ikkje blir ført i land i Finnmark. Oljen frå det siste store funnet i Barentshavet, Johan Castberg-feltet, skal takast opp i eit produksjonsskip som Equinor får bygd i Singapore, og fraktast på tankskip rett til marknadane. Konklusjonen er at arbeidsplassane i petroleumsnæringa er langt færre enn det som blir sagt, og dei har ei uviss framtid.
Korfor er ikkje oljen tema i valkampen? Er vi blitt mållause av oljerikdommen? Noreg oppdaga sist på 1960-talet ein naturressurs som var så ettertrakta og gav slike inntekter at alle andre næringar kom i skuggen.
Oljefondet på ti tusen milliardar er investert på finansmarknadane utanlands til god avkasting. Tre til fire prosent av avkastinga – ikkje sjølve fondet – blir brukt årleg i statsbudsjettet. Fondet er altså ein solid buffer for statsinntektene, dersom oljeprisen stuper, eller Noreg fasar ut oljen. Når då oljeinntektene på sikt går ned, kva med velferden?
Velferdsstaten var bygd før den første oljen vart tatt opp. «Lov om folketrygd» i 1967 var sluttsteinen. Vi som vaks opp før oljealderen, har jo opplevd det. Velferden vart bygd gjennom tiår med politiske mål, lovarbeid og innsats frå helsepersonell og frivillige kvinnebevegelsar.
Femti år seinare har vi eit av verdas rikaste samfunn, med voldsom privat og statleg sløsing og djupe sosiale forskjellar. Eit velferdssamfunn bygg på viljen til fordeling og omfordeling. Det er muleg også etter oljen. Då må klimaendringane bremsast.
Les heile kronikken i Ságat: Avhengig av olje?
Veldig godt skrevet, med nye viktige argumenter for hvorfor vi ikke skal frykte så veldig at vi må ta klimamålene på alvor, også i Norge. Så håper jeg det er flere av landsdelens aviser, enn kun Ságat, som publiserer.
Veldig viktig stoff i dette innlegget!
«Olje- og energiministeren oppgav i november at det er 200.000 arbeidsplassar i norsk olje- og gassnæring med leverandørindustrien.» Men i SSB sine beregninger koker dette ned til under 60.000 arbeidsplasser.
Og på Vestlandet stritter fagbevegelsen mot oljeselskaper som engasjerer billigere arbeidskraft fra utlandet i steden for norske oljearbeidere. Hvor mange norske arbeidstakere er i virkeligheten sysselsatt i petroleumsindustrien?
Det er på tide at alle disse løgnene avsløres, og vi kan gå over til en mer sannferdig fortelling om fundamentet til Norges velferd.
Avklarende og opplysende!
Det er ganske hårreisende at styrende myndigheter har hodet, så til de grader, i sanda.
Og det er skremmende at handlingslammelsen er så total.
Vi er lei av fine ord og høytsvevende planer- de hjelper bare ikke.
Takk for flott artikkel!