Tilbake på gata

BKA på Nordre 1

Etter landsmøtet i Drammen, der ‘aksjonslina’ var sterkt framme i diskusjonane, var Besteforeldrenes rangleorkester tilbake på sin faste plass på Nordre gate i Trondheim på laurdag: «Alle barn skal arve jorda!» – Ein fin dag for aksjon trass i gråveret, folk tok imot løpesetlar, klappa og smilte, fortel Ola Dimmen, orkesterleiar og låtskrivar.

Syng for mange!

Vi har stått her med sangen vår og plakatane våre i mange år no. Nokre av dei forbipasserande kjenner oss frå før og syng med. Det same positive opplever vi på besøk til pensjonistlag og menighetskafear. Siste besøk kom i stand etter tips frå tilsette i Miljøenheten i kommunen, så også dei er godt klar over og set pris på aktiviteten til Besteforeldreaksjonen i Trondheim.

Ein kan sjølvsagt lure på om det er meiningsfullt å agere slik som dette år etter år når vi har så dårleg tid, og når ein ser det som skjer rundt i verda? Men eg tenkjer at det gjeld å halde ut, og vi berre må stå der og minne om det etiske alvoret og generasjonsansvaret. Vi må jo håpe of tru at folkemeininga og engasjementet for klima vil vekse til ei sann folkerørsle! Motivasjonen hos oss i rangleorkesteret vaks i alle fall mange hakk då ein far med to små kom bort og takka oss for at vi sto på for klima. Det er klårt at fleire opplyste foreldre tenker på framtida for barna sine, så her er det òg eit grunnlag for nye støttemedlemmer til Besteforeldrenes klimaaksjon!

Eg opplever at vi talar og syng for mange, no etter sommarens klimakatastrofar. I alle fall – vi er i god form og i godt gjenge foran det viktige kommunevalet neste år. No må trykket haldast oppe og aukast framover!

Beste helsing Ola Dimmen


Spre klimavett,
del denne saken!

2 kommentarer

  1. Linda Rundquist Parr | 18.09.2022

    Det er klart at folk legger merke til en så dedikert gjeng i Nordre gate, og ikke minst hvis de kjenner dere i Trondheimslaget igjen. Dere representerer en troverdig påminnelse av alvoret og ansvaret som ligger i klimakrisen overfor kommende generasjoner. For et flott banner dere har fått laget! Stå på. Hold ut.

  2. Wilma Haagaas | 18.09.2022

    Herlig! Hilsen ei som flyttet fra Trondheim i 2015 etter å ha bodd der i mange år

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*