Det årlege trønderske klimatoppmøtet gjekk av stabelen måndag i Trondheim. Adresseavisen og NTNU inviterte til debatt om dei store energiutfordringane med vindmøllene på Fosen som brennheitt tema. Politikarar, ordførarar og næringsliv var inviterte, medan det alltid påpasselege BKA-laget var på plass og delte ut løpesetlar.
Ola Dimmen fortel at det vart ein god debatt der ein fekk godt fram dei vanskelege vala vi står i med fornybar omstilling. NU-leiar Gina Gylver og samiske representantar gjorde som venta ein overbevisande innsats. BKA fekk ordet frå publikum og understreka at me har nok energi viss me nyttar jordvarme/sjøvarme i kombinasjon med sol, energieffektivisering og energisparing. Det er ikkje naudsynt å byggje ned og øydelegge meir urørt natur. Sjå innlegg i Adressa om same sak.
Vi var òg ute på laurdag med ei besteforeldre-markering på Nordre gate, slik vi plar. Under aksjonen fekk vi hyggjeleg besøk av Unge Høgre som serverte bollar. Før Senterpartiets landsmøte i Trondheim, hadde me positiv kontakt med Senterungdommen i Trøndelag. Det verkar i det heile som om dei politiske ungdomspartia gjerne vil ha tips til nye idear og løysingar. Kanskje er dette eit eit fornuftig satsingsområde for informasjon og lobby frå BKA?