Etter tre vekers seilas med fullriggaren Sørlandet vart NUs store sommarekspedisjon, med over 100 ungdomar, avslutta i Fredrikstad denne helga. Landsstyremedlem i BKA, Torunn Hovde Kaasa, var innom og gledde seg stort, fortel ho. – Eit godt arrangement med betraktningar om korleis samværet på ei gamal skute kan bidra til å redde verda.
– Det mest interessante for meg var å høyre korleis aktivistane frå Natur og Ungdom trakk fram kor viktig samarbeid er for å få skuta raskt framover og ei felles forståing for at kursen er rett for å nå målet – på same måte som kampen for klima og miljø er det. Og at alle er like viktige. På seglturen bygde deltakarane kunnskap gjennom dialog og meiningsbryting. Ute på havet blir ein ekstra bevisst på kor viktig det sårbare havmiløet er for at folk skal kunne bu og ha arbeidet sitt langs den langstrakte kysten vår, og kor samstemt naturen er.
– Ungdommen er opptatt av ei rettferdig grøn omstilling, som ivaretar natur og samtidig bygger ny kompetanse og tar vare på og utviklar nye arbeidsplassar. Vi i BKA heiar på dei, – og på dialog-prosjektet deira, der dei sit saman med bl.a. Fellesforbundet for å bygge bru og samarbeide om klimautfordringane. Dei har i fellesskap lansert 10 bud for ein grøn industri.
Torunn lovprisar arrangementet og har tru på denne måten å jobbe politisk. – Ei flott skute full av flott ungdom med eit livsviktig bodskap – kan det bli betre! Ekstra spennande var det for meg som medseilar på One Ocean forskningstokt med Statsraad Lehmkuhl i 2021, og nå medseilar frå Fredrikstad til Shetland og tilbake til Arendal, siste etappe av Tall Ships Races. Havmiljøet er truga, BKA og Natur og Ungdom kjempar for at dagens unge, våre barn og barnebarn skal få oppleve eit reint hav. – Det hastar, vi krev handling frå regjeringa NÅ.