Melkøya og klimaet

Silje Moutka
Sametingspresident Silje Muotka deltok på møtet via video, med ei spesiell helsing til Besteforeldrenes klimaaksjon.

Besteforeldrenes klimaaksjon imponerer meg! – Sametingspresident Silje Muotka var klar og sterk då ho deltok på BKAs møte om «Melkøya, klimaet og livsgrunnlaget her nord» 28. mai. Planane om elektrifisering av LNG-anlegget i Hammerfest er eit trugsmål mot finnmarksnaturen og samisk kultur. Grøn kolonialisme kallar ho det!

Av Grethe Mathiesen,
styremedlem i BKA Troms

Silje Muotka, som deltok på videolink, understreka viktigheita av å ha eit generasjonsperspektiv og tenkje langsiktig. Ho tok til orde for ein sterkare allianse mellom urfolksbevegelsen og miljøbevegelsen. Elektrifiseringa av Melkøya skal dekkast opp med store vindkraftanlegg, og betyr ei omfattande nedbygging av natur i Finnmark. Gassen som blir frigjort, blir eksportert og brent i utlandet. Utsleppa blir berre flytta, og vi er like langt når det gjeld dei globale klimaproblema!

Etter innleiinga til samepresidenten hadde Kjell Magne Derås ordet. Han sit i styret for Naturvernforbundet sentralt og har eit langt livs erfaring som naturvernaktivist i Finnmark.  Å bygge ut vindkraft vil krevje ei storstilt utbygging av veg, det han kalte eingongsveg på 1350 km i urørt natur. Sjå eigen video om dette på facebook.

Dette skjer medan klimaendringane har skapt eit stort press på dyrelivet i Finnmark.  Derås nemnde spesielt fjellreven, snøugla og lemen. Han peika på kor viktig det var å få folk med seg i kampen for naturen, og samarbeidet med kulturlivet. Dette passa riktig godt for oss arrangørar. Vi starta nemlig møtet med Vigdis Nordahl, BKA-medlem som spelte to nydelege melodiar på torader!

Ingunn Elstad, leiar i BKA i Troms, hadde siste innleiing. Ho viste til at regjeringa sitt vedtak påstår at elektrifiseringa av Melkøya er det største klimatiltaket beslutta av ei norsk regjering.  Dette har stått uimotsagt i riksmedia. Men kva skal folk tru dersom det største nasjonale klimatiltaket går ut på å rasere naturen i nord!

Ingunn dokumenterte at Melkøya-vedtaket er ein strategi for å forlenge og utvide norsk gassproduksjon i nordområda, ved a) frigjøring av gass til eksport, b) oppgradering av Melkøya for auka og forlenga produksjonen, og c) sikre Melkøya som er det einaste anlegget for transport av gass frå nordområda. Bakgrunnen for alt dette er at regjeringa satsar på å finne gass i Barentshavet når ressursane i Nordsjøen minkar. Melkøya-saka er ikkje behandla i Stortinget, og heller ikkje Sametinget har vore konsultert, minte Ingunn oss på.

Etter innleiingane var det spørsmålsrunde og debatt. Det har vore vanskeleg å gjere saka kjent i riksmedia. Vi må stå på for å få fram at dette ikkje primært er ei nordnorsk sak. Dei globale klimautsleppa vil auke. Ingen har oversikt over konsekvensane av vindkraftutbygginga. Sametingspresidenten kunne fortelje at dei no vurderer å gå til søksmål mot staten i denne saka.

Og trass strålande sol og varme her nord, møtte folk opp. Debatten og stemninga var på høgde med veret!

Spre klimavett,
del denne saken!

2 kommentarer

  1. Jarle Sylta | 03.06.2024

    Elektrifiseringa av Melkøya fremstår som et tåpelig tiltak.
    1.Medfører omfattende nedbygging av natur i
    Finnmark.Vi har ikke mer natur å miste.
    2.Gassen som blir frigjort,skal sendes og brukes i utlandet.Ingen klimaeffekt.

    Dette burde være nok til å skrinlegge prosjektet,men dessverre ser det ut til at styresmaktene vender det døve øret til.

  2. Ingunn Elstad | 07.06.2024

    Elektrifiseringsplanane er ein del av strategien for aukt gassutvinning i Barentshavet. Anlegget på Melkøya skal byggast ut med kraftkrevjande trykkstøtte, slik at gassutvinninga kan aukast og forlengast til 2040 (Brev frå Energidep til Equinor 08.08.23.) Det er stor kortsiktig vinning. Dessutan er Melkøya det einaste anlegget for transport av gass frå Barentshavet, der regjeringa framleis satsar på nye funn. Derfor trassar regjeringa motstanden og marknadsfører elektrifiseringa som Noregs største klimatiltak. Det er eit gigantisk svindelforsøk.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*