BKAs «Lyrikk med klimablikk»-veke er et blitt eit populært årleg Oslo-arrangement. Og no har dei fått følge av Ålesund, der lokallaget av BKA hadde eit vellukka arrangement i samarbeid med Moa bibliotek. Natur og Ungdom og Naturvernforbundet var medarrangørar, og heile 60-70 tilhøyrarar var til stades på kvelden 7. sept.
Forfattarane Frode Grytten og Hilde Myklebust las frå sine diktsamlingar, og Jenny Alvestad Aarnes (leiar Natur og Ugdom i Møre og Romsdal)) framførde Greta Tunberg sin tordentale for klimatoppmøtet i New York. 17 år gamle Jenny blir ifølge NRK den yngste kommunestyre-representanten i landet og blei innvalgt i nye Haram kommune. Kulturskolen sørga for musikken, og det vart servert «klimamuffins og miljøbollar», baka av representantar for NU og Naturvernforbundet. Dei som ville, kunne vippse bidrag til Fjordsøksmålet.
Biblioteksjef Kari Nesdal er glad for at biblioteket vert nytta til slike formål. – Vi har samarbeidd med BKA om eit liknande arrangement i 2022. Det gjeld både planlegging og gjennomføring, også deling av utgifter. Moa bibliotek held til i Amfi Moa kjøpesenter som ligg lett tilgjengeleg her i Ålesund. Vi har scene, høgtalaranlegg, prosjektor og alt som trengs. Arrangmenta i biblioteket må sjølvsagt vere opne for alle og ha gratis inngang. Men elles er det ei ei sentral oppgåve for oss å drive aktiv formidling og bidra til samfunnsdebatten. Å kombinere litteratur med miljøtematikk fungerer veldig bra, seier ho.