Vi kan ikkje la politikarane våre fortsette med dobbeltspelet, og med tompreiket, seier besteforeldreaktivist Ola Dimmen i Trondheim. Når vi høyrer dei snakke gir dei inntrykk av å ha forstått klimaalvoret, men dei har ikkje fått det inn i hjartet, og er ikkje så redde som dei burde ha vore. Følgjene av dagens politikk med til dømes fullt oljekjøyr i Arktis kan bli katastrofale. Vi treng ei skikkelig folkevekking! Og då må vi mobilisere kjensler og fantasi, ikkje berre intellektet. – Mange kjenner Ola som musikalsk leiar og låtskrivar for Besteforeldrenes populære rangleorkester. Men han brukar også bildet som våpen i den folkelege klimakampen.
– Vi som er fødd på solsida, trur at verda er til for oss. Og at sola vil fortsette å skine, same korleis vi ber oss åt. Det har forskrekka meg å sjå kor lite nytenkjing som skjer, og kor unnvikande alt er. Som lærar veit eg at unge menneske etterlyser ærlege svar og ikkje den utålelege sjølvtilfredse propagandaen som blir servert på politiske møter, i debattar på TV osb. Men fråværet av fornuftig leiarskap kan óg få oss til å vakne. Det er noko av dette eg prøver å formidle i billedmontasjane mine. Vi treng humor og ikkje minst ironi for å møte nytalen. Vi må få latteren på vår side! Eg tenkjer at klimakrisa er ei krise for demokratiet. Og på Grunnlovens miljøparagraf som sleg fast at alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der mangfaldet blir halde ved lag. Eg trur på etikken i dette, og at framtida kan kome til å innehalde overraskingar for dei som trur at dei kan halde fram med business as usual. Eg treng vel ikkje nemne namn?